Laster...

 

Ulveseth-Tunet Aktivitetsgard

Litt om gården:

Ulveseth-Tunet ligg på Ulveset i Øygarden kommune, og er eit tradisjonelt vestlandsgardsbruk. Vi driv hovudsakleg med sau, både vanleg sau og villsau, og har ca 130 v.f. sau. Vi har òg ein liten flokk med 20 kasjmirgeiter, samt nokre høner, kaninar, kattar og hundar. Vi har store utmarksområde med litt skog, og garden ligg med markene ned mot Ulveset-vatnet.

Ulveseth-Tunet har fleire bygningar som vi nyttar i opplegget. Vi har ein stor, lys og rommeleg hovudriftsbygning med sau, eit lite hønsehus i enden, samt ein mindre driftsbygning der verar og andre sauer står. I hovudetasjen i Gamleløa bur hundane og kaninene. Der har vi òg arbeidsbenk og verktøy. I tilknytning til Gamleløa har vi eige opphaldsrom med fullt utstyrt kjøken, toalett med dusj og garderobe.

På låven har vi eit stort og godt treningsrom med ulike apparat og utstyr, samt bordtennisbord. 

Vi har òg eit stort drivhus/uterom som er bygd inn mot Gamleløa og opphaldsrommet. Det bruker vi heile året til hobbyaktivitetar, samlingar og måltid, og til å så frø i om våren.

Vi ha eit eige vedhus der vi kløyver og pakkar ved, og vi tek gjerne ein runde med pilkast innimellom vedpakkinga.

 

Vi på gården:

Ulveseth-Tuner er eigd og vert driven av Elin J. Ulveseth Minde og Sturle Minde, som begge jobbar full tid på tunet. I tillegg har vi hatt tilsette både på heiltid og deltid, alt etter kor mykje oppdrag vi har hatt, eller ved behov for annan fagkompetanse

Både Elin og Sturle er fagutdanna innan landbruk, med praktisk- pedagogisk utdanning (PPU). I tillegg har Elin vidareutdanning innan spesialpedagogikk (åtferdsvanskar), Gården som pedagogisk ressurs, samt Dyreassisterte intervensjonar (omhandlar bl.a. korleis vi kan bruke dyr som eit pedagogisk verktøy). 

Begge to har vakse opp på gard, og vi har drive gard i over 30 år. Begge har jobba fleire år i vidaregåande skule, bl.a. innanfor tilrettelagd undervisning i mindre grupper. Elin har òg jobba nokre år som rådgjevar og lærar i spesialundervisning i ungdomsskulen.

Elin har stort sett hovudansvaret for det pedagogiske opplegget og det administrative arbeidet, Sturle for dei arbeidsretta tiltaka, samt hovuddelen av drifta på garden.

 

Inn på tunet tilbud:

På Ulveseth-Tunet føl vi årstidene og garden sin årsplan, og knyt læreplanmåla for dei ulike faga, og trinna, inn i det praktiske arbeidet og oppgåvene.

Mykje av oppgåvene og aktivitetane er knytt til garden og gardsdrifta, med fôring, handtering og stell av dyra, paring, lamming, produksjon av kjøt, ull og egg, gjerdearbeid, ved-arbeid og rydding av kulturlandskap og beiter m.m..

Men, vi gjer òg mange andre ting her: Vi lagar mat, både inne og ute på bål, vi lagar kunst, gåver og bruksting. Vi malar på steinar, lager t.d. små trehus, ostehøvlar, lysestakar, englar, lykter, insekts-hotell, fuglekassar m.m. til julegåver og ting dei får med seg heim.

Vi koker te av furunåler, lager pinnebollar og grønsakssuppe på bål. Vi snikrar, sager, spikkar og lager både seljefløyte og kullstiftar. Vi spelar ulike spel, både for å lære, trene på samhandling, vente på tur, og for å takle motgang/medgang på ein god måte. Vi har òg friluftslivsaktivitetar som bygging av gapahuk, bålbrenning, kanopadling, båt og fiskeaktivitetar.

 

Tilbud innen: Skole og oppvekst

 

Gården er godkjent IPT tilbyder

 

Kontakt: Inn på tunet Norge SA,
region Vestland v/ Bård Ove Grong
Mobil: 412 56 116
E-post:
bog(at)innpatunet.no

 

 

Billedgalleri