Laster...

 

Hestegarden

Litt om garden:

Velkommen til Hestegarden, ein trygg og god plass for både mennesker og dyr.

Hestegarden ligg i Sunnfjord, nær Sande i Gaular kommune. Garden ligg idyllisk og skjerma, med 3 km stølsveg frå tunet og opp til fjellet.

Vi har mange hestar; frå små Amerikanske miniatyrhestar, til den store stødige norske Fjordingen vi alle kjenner. I tillegg har vi høner i alle storleikar og fasongar, hundar, kattar, den einhorna geita Martine, kaninar og marsvin. Det er alltid mykje å finne på, og mange som blir glade når du kjem!

Vi har ein fin, lys og dekorert stall. Skal vi kose oss litt ekstra fyrer vi opp bål i «Villa Grille Kulla» – uansett årstid og vêr. Vi har og ein stor aktivitetshall for alt frå riding til ballspel, sidan vêret på vestlandet ikkje alltid er på lag med oss.

Du treng ikkje vere glad i hestar for å komme hit. Vi har mykje anna å halde på med og, men vi har enno ikkje treft på nokon som ikkje likar minihestane!

 

Vi på garden:

Linda Rognø bur på Hestegarden og er ansvarlig for drifta, med god hjelp av mannen sin, Ole Høgelid. Ole er hovslagar og skor i heile distriktet i tillegg til hestane på garden. Linda brenn for arbeid med menneske som har litt fleire utfordringar enn dei fleste, og så er ho utruleg glad i dyr. Gjennom arbeidet og gjennom hest som hobby, har ho mange gongar vore vitne til kor viktig dyr og natur kan vere for mennesker si psykiske og fysiske helse. Dette har vore drivkrafta bak oppstarten av Hestegarden.

Dei tilsette på garden er sosialarbeidar Erika og spesialpedagog Gro-Anita. Ein dag i veka kjem og fysioterapeuten Hanne til gards for å leie terapiridinga. I tillegg bidreg resten av familien så godt dei kan. Det er alltid mykje som skal gjerast på ein gard!

 

Inn på tunet tilbod:

Vi tilbyr aktivitetar og opplevingar der dei daglege gjeremåla på garden er sentrale. Det same er bruk av naturen rundt oss, og ikkje minst dyra på garden. Alle får utfalde seg etter eigne behov og føresetnadar. Det viktigaste er å oppleve meistring, tilhøyring og glede. Tilbodet blir tilpassa kvar enkelt.

Terapiriding. Ein dag i uka har vi i samarbeid med fysioterapeut, terapiriding for pasientar med henvisning frå lege.

Skulesektoren. Hestegarden tilbyr ein alternativ skuledag for elevar som av ulike grunnar treng det. Vi har og tilsett spesialpedagog, og gjev tilbod innan almennpedagogikk og spesialpedagogikk.

Arbeidstrening / rehabilitering. Skånsom innføring/tilbakeføring til arbeidslivet gjennom arbeid med meining og kjensle av meistring. Arbeidsavklaring.

Støttekontakt/Avlasting. Stabile godt vaksne tilsette med kompetanse. Tilbodet inkluderar tilpassa aktivitetar.

 

Tilbud innen: Skole og oppvekst · Aktivitet-Trening-Arbeid  · Barn og Familie

 

Gården er godkjent IPT tilbyder

 

Gårdens hjemmeside: hestegarden.no/
Facebook: Hestegarden

Kontakt: Inn på tunet Norge SA,
region Vestland v/ Bård Ove Grong
Mobil: 412 56 116
E-post:
bog(at)innpatunet.no

 

 

Billedgalleri