Laster...

Naustvoll gard

Litt om garden:

Naustvoll Gard, ligg på nordsida av Sognefjorden i ei lita grend som heiter Kvamsøy. Garden ligg ved Fv.55, mellom Balestrand og Høyanger, og høyrer no til Sogndal kommune.

På garden er det ulike dyreslag, og det har vore arbeids-, skule- og fritidstilbod sidan 1999. Garden har vore merkegodkjent i “Inn på Tunet” sidan 2013.

Det er oppdrett av dølahest, fjordhest og schäferhund (bruksschäfer) på garden, i tillegg til vanleg sauehald.

 

Vi på garden:

På garden bur Arne og Anne-Brit.

Arne er den som køyrer traktoren, skaffar tømmer, sagar matriale til eige bruk, som tilrettelegg for vedproduksjon, som tek seg av det tunge arbeidet og gjennomfører bygginga som Anne-Brit finn på.

Anne-Brit er adjunkt med tillegg og har undervist i over 30 år i grunnskulen, mest i ungdomsskulen. Ho er allmennlærar, med 60 stp naturfag og 60 stp matematikk. Om det er elevar som treng ein «annan» skulekvardag, og i tillegg ønsker fokus på matematikk så kan Anne-Brit ordne det.

 

Inn på tunet tilbod:

Elevar som har kome litt skeivt ut med skulegangen sin, som treng meir tilrettelegging eller har andre vanskar, er velkome å prøve om dette er eit godt alternativ.

Garden tilbyr opphald/arbeid utan prestasjonskrav. Du kan ha spesielle aktivitetar du ønskjer, eller du kan berre vere her og gjere litt av alt. Det aller viktigaste er at du har lyst å vere her. Kanskje du må kome på besøk, sjå deg omkring, helse på både Anne-Brit og dyra, få vite litt om kva som kan gjerast her og kome med eigne ønske, som vi kan lage opplegg ut i frå.

Garden har berre hatt dagtilbod hittil. Om det er ønske for overnatting/kost i periodar, t.d. weekend eller måndag-fredag i feriar, kan det tilretteleggast for det.

 

Tilbud innen: Skole og oppvekst · Aktivitet-Trening-Arbeid 

 

Gården er godkjent IPT tilbyder

 

Webside: Naustvoll Gard

Kontakt: Inn på tunet Norge SA,
region Vestland v/ Bård Ove Grong
Mobil: 412 56 116
E-post:
bog(at)innpatunet.no

 

 

Billedgalleri