Laster...

 

Tveit IPT-gard i Tveit, Vang kommune.

Litt om gården: Tveit gard ligg rett ved Tveit Stadion og E 16 i Vang
kommune. Me driv med mjølk- og kjøtproduksjon. Har om lag 20-24
mjølkekyr, og forar opp om lag 45 oksar. Om sumrane er me på stølen med
kyrne. Me fyller opp oksefjøset med eigne oksekalvar, men kjøper og inn
kjøtfekalvar frå ammekyrbesetningar om hausten.
Vi på gården: Me, Inger og Knut, tok over garden i 1999, etter Knut
sine foreldre. Me var begge litt opp i 30 - åra, og hadde då tre ungar. Knut
var bonde og snikkar fram til 2004, då vart han heiltidsbonde. Inger har
hatt og har deltidsjobb utanom garden, men er med når det trengs både ute
og inne. Sonen Håvard (23 år) bur og på garden, og arbeidar som tømrer.
Hunden Solan er med oss i dagleglivet, og pus passar fjøset.
Inn på tunet tilbud: Me ynskjer at dei som kjem på garden vår kan føle
at me ser og har tid til kvar enkelt. Legge opp ein kvardag for kvar enkelt, slik
at ein kan føle mestring og utvikling. Være ilag med oss, dyr og gardsliv. Rusle
tur, plukke bær, sita ned og prate. Alt frå ei stille stund, til ei god arbeidsøkt.
Ta gjerne kontakt for en prat!
Kontakt Inn på tunet Innlandet

Tveit IPT-Gård i Tveit, Vang kommune

Litt om gården:

Tveit gard ligg rett ved Tveit Stadion og E16 i Vangkommune. Me driv med mjølk- og kjøtproduksjon. Har om lag 20-24 mjølkekyr, og forar opp om lag 45 oksar. Om sumrane er me på stølen medkyrne. Me fyller opp oksefjøset med eigne oksekalvar, men kjøper og inn kjøtfekalvar frå ammekyrbesetningar om hausten.


Vi på gården:

Me, Inger og Knut, tok over garden i 1999, etter Knut sine foreldre. Me var begge litt opp i 30-åra, og hadde då tre ungar. Knut var bonde og snikkar fram til 2004, då vart han heiltidsbonde. Inger har hatt og har deltidsjobb utanom garden, men er med når det trengs både ute og inne. Sonen Håvard (23 år) bur og på garden, og arbeidar som tømrer. Hunden Solan er med oss i dagleglivet, og pus passar fjøset.

Inn på tunet tilbud:

Me ynskjer at dei som kjem på garden vår kan føle at me ser og har tid til kvar enkelt. Legge opp ein kvardag for kvar enkelt, slik at ein kan føle mestring og utvikling. Være i lag med oss, dyr og gardsliv. Rusletur, plukke bær, sita ned og prate. Alt frå ei stille stund, til ei god arbeidsøkt.


Ta gjerne kontakt for en prat!  


Kontakt Inn på tunet Innlandet SA

Eli Grøntoft Dybdahl

Tlf.: 915 55 293

E-mail:egd@innpatunet.no 


Billedgalleri